Kundeservice

 

Her vil du møte Marit Brenno eller Kari-Guri Haugo som tek seg av kundekontakt på telefonnr. 3140 8888 eller 3140 8885.

Skal du tinge eller seie opp kundetilhøve, gje melding om målarstand eller få ei avrekning vil du få hjelp av ein av desse kundehandsamarane.

 

Skal du bestille andre tenester frå Hemsedal Energi vil det truleg vere Marit eller Kari Guri som du vil få snakke med. Om ikkje ein av desse er tilstade vil du likevel få høve til å stille spørsmål som blir besvart så snøgt som råd.


Kraft

Hemsedal kommune disponerer ein del kraft frå kraftutbygging i området. Dette er i form av konsesjonskraft og andelskraft, som vert kjøpt inn relativt billeg. Denne krafta disponerar Hemsedal Energi som skal selge denne ”rimeleg” vidare fyrst og framst til innbyggjarane i Hemsedal. Tidlegare var tilgongen på ”rimeleg” kraft større enn forbruket  og alle kundegruppane nytta godt av ordninga. Etter kvart er forbruket til hytter og industri auka så mykje at Hemsedal Energi også må kjøpe inn kraft på den opne marknaden. Dette gjer Hemsedal Energi sårbare for store prisvariasjonar og vi har vore nøydd til å justere prisane oftare enn ynskjeleg.

Prisane på kraft til hushaldning og industri er å rekne som variable, sjølv om det ikkje har vore vanleg å endre prisane særleg ofte. Hytter og fritidsbustadar har tilbod om å kjøpe kraft til spotpris med eit påslag på 1,5 øre/kWh.

Sjå prisliste for kraft

 

 

kundeservice.jpg  



Overføring
Hemsedal Energi har ansvaret for overføringsnettet i Hemsedal. Dette inkluderar 3 sekundærstasjonar, over 300 nettstasjonar og over 610 km leidningsnett.

 

Me har eit tap i nettet vårt på under 5%, noko som er svært lågt. Det er eit ENØK-tiltak som monnar. Forsyningsområdet har hatt ei stor auke i talet på kundar og forbruk av straum. Dette har sett store krav til m.a. energiverket som må bygge ut overføringskapasitet til å levere straum til alle kundane på den tiden av året der forbruket normalt er høgast, dvs. vinter-månadene.

Sjå prisliste for overføring

 

ENØK - DLE (Det Lokale El-tilsyn):

Saman med Hallingdal Kraftnett AS sin DLE-verksemd på Torpomoen har vi tilsynsansvar og rådgjevningsansvar (både tilsyn og ENØK) for våre kundar i Hemsedal. Ta kontakt med våre kundebehandlarar så skal vi gjere vårt beste til å gje deg rettleiing.


Fiber-kabel
Hemsedal Energi er deleigar i fiberkabel som går frå Tuv til Gol. Dette er eit nett som vil sørge for at Hemsedal er tilknytta resten av Hallingdal når det gjeld overføring av store datamengder. Det er meininga å la storkundar kople seg til dette nettet.

For prisar og informasjon for øvrig, send ein epost.


Andre tenester og utstyr
Hemsedal Energi disponerar ein del utstyr som på førespurnad kan leigast ut. Utstyret må vere bemanna av kunnig personell.

Sjå oversikt og prisliste for leige av tenester og utstyr:

 

 

Hemsedal Energi KF - 3560 Hemsedal - Tel: 31 40 88 88 - Fax: 32 06 04 07 - post@hemsedal-energi.no    Admin